ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

³ÒÂá±ð²Ô²Ô´Ç³¾´Úø°ù¾±²Ô²µ

I løpet av prosjektet går ein gjennom alle stega i ein forskingsprosess. Dei ulike delane inneheld eit godt beskrive opplegg med informasjon om kva ein treng for å gjennomføra dei. Klikk på dei ulike delane for å lese meir.

Bilde
Bilde av et lyspære
Foto: Colourbox

Prosjektet er bygd opp av 6 delar

Del 1- Introduksjon til Juniorforskarprosjektet

I dette prosjektet er det elevane sjølv som bestemmer kva dei skal forska på og kva dei ynskjer å påverka. Elevane jobbar saman for å undersøka eit tema og nyttar informasjonen som vert samla inn til å informera og koma med forslag til løysingar. Forskinga og ekspertisen kjem her frå personane saka faktisk omhandlar, framfor å koma frå dei vitskaplege eller akademiske miljøa.

Del 2- Val av tema og forskingsspørsmål

No skal tema og retning for prosjektet avgjerast. Her er det viktig å leggja til rette for ein god prosess der alle deltek. Elevane skal i størst mogleg grad koma fram til tema og forskingsspørsmål sjølv, men lærar har her ein viktig rolle som støttespelar. Dersom elevane har vanskar med å koma med forslag til tema må lærar gjerne visa til resultat frå Ungdata, elevundersøkingar eller liknande for å hjelpa dei på veg.

Del 3- Metodar for å samla data

Her er målet å få litt erfaring med ulike metodar innan forsking og å forstå fordelar og ulemper med dei. Elevane skal innom ulike stasjonar for å verta betre kjend med dei tre metodane: spørjeundersøking, intervju og fotostemme. Når metodestasjonane er gjennomført skal elevane velja kva slags metode dei ynskjer å bruka i sitt forskingsprosjekt.

Del 4- Datainnsamling

Kvar gruppe må no gjera ulike forberedingar før dei kan setja i gang med sjølve datainnsamlinga. Informasjon om kva dei ulike gruppene må gjera finn ein her.

Del 5- Analysera datamaterialet

I denne delen av prosjektet skal elevane sjÃ¥ nærmare pÃ¥ informasjonen dei har samla inn, anten det er data frÃ¥ intervju, spørjeundersøkingar eller bilete dei har teke. Kvar gruppe skal analysera og koma fram til nokre hovudfunn frÃ¥ undersøkinga dei har gjennomført. 

Del 6- Formidling

Det er ulike mÃ¥tar Ã¥ formidla informasjon og kunnskap pÃ¥. Dei ulike gruppene vel sjølv korleis dei ynskjer Ã¥ presentera sine resultat og kven dei ynskjer Ã¥ nÃ¥ ut til. Forslag til ulike mÃ¥tar Ã¥ presentera forskinga pÃ¥ samt nyttige tips finn de nedanfor. Elevane mÃ¥ gjerne koma opp med eigne idear til korleis dei vil gjera det. 

Sist oppdatert: 02.09.2025