ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

°Õ¾±±ô³óø°ù¾±²µ³ó±ð³Ù

Varighet

–

Om forskningsprosjektet

Kompetanse i språket som gjeld i samfunnet dei immigrerer til, er ein føresetnad for tilgang til utdanning, jobbmarknad og for deltaking i samfunnet på like linje med andre samfunnsborgarar. Innvandrarar med låg utdanning frå heimlandet utgjer også den største deltakargruppa i den staten sitt offisielle opplæringsprogram, men både internasjonalt og nasjonalt er det forska lite på akkurat denne gruppa. I og med at ein har kunnskap om at det er samsvar mellom utdanningsbakgrunn og majoritetsspråklege ferdigheiter hos innvandrarar til europeiske land (OECD-rapportar , ), er det stort behov for meir forsking på språklæring til innvandrarar med låg utdanning frå heimlandet.

I andrespråksforskinga (second language acquisition, SLA) utforskar ein korleis barn, unge og vaksne tileigner seg nye språk, andrespråk. Andrespråkslæring skjer i alle aldrar, og det er ei mange ulike grunnar til at ein lærer nye språk (flukt, utdanning, arbeid) og læringa av andrespråk skjer i svært ulike kontekstar (klasserommet, arbeidsplassen, friminuttet, butikken osv.). Likevel er det slik at kunnskapen vi har om korleis ein lærer andrespråk, i all hovudsak er basert på studiar av språkinnlærarar med høg utdanning som lærer språket i ein formell opplæringskontekst, og som har ein europeisk språk- og kulturbakgrunn.

Det empiriske grunnlag for andrespråksforskinga er slik ganske avgrensa. Det manglar studiar av og kunnskap om korleis innlærarar med andre bakgrunnar – og framfor alt – innlærarar utan høg utdanning lærer seg nye språk seinare i livet,  og der språket dei lærer, er det samfunnsberande språket. Dette prosjektet vil bidra til å utvida det empiriske grunnlaget i feltet. I prosjektet vil vi utforske korleis deltakarar med låg utdanning frå utviklar kommunikative ferdigheiter på andrespråket norsk i løpet av det første opplæringsåret. Det er særleg viktig all den tid og viser at det er ein positiv korrelasjon mellom kompetanse i majoritetsspråket og utdanningsbakgrunn. I Noreg er det også stor skilnad mellom utdanningsnivået mellom flytningar og befolkinga elles ().

For å kunne svare på korleis vaksne innlærarar utviklar kommunikative ferdigheiter i andrespråket norsk, vil vi i dette prosjektet studere utviklinga av språket innanfor tre områder: grammatikk, vokabular og pragmatikk. I tillegg til at prosjektet vil beskrive og forstå korleis språket innanfor dei enkelte områda veks fram, er viktige mål å studere korleis utviklinga innanfor desse områda interagerer, og korleis desse ulike ferdigheitene verkar inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket. Det vil bli samla data på to ulike stader i Noreg som ligg i to ulike i to ulike dialektområder, Bergen og Østfold, for å også kunne undersøkje om, korleis og i kva grad talemålsvariasjonen i målspråket norsk påverkar tileigninga av norsk som andrespråk.

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgåver, elisiteringsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnleg og skriftlege andrespråksdata.

Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andresprÃ¥kskorpus, Munnleg andresprÃ¥kskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og tilgjengeleg gjennom den norske delen av infrastrukturprosjektet .

¹ó´Ç°ù²õ°ì¾±²Ô²µ²õ²õ±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô

  1. Korleis utviklar innlærarane ferdigheiter innanfor områda grammatikk, vokabular og pragmatikk, og i kva grad er utviklinga prega av fellestrekk og individuell variasjon?
  2. Korleis og i kva grad interagerer utviklinga innanfor desse tre områda (grammatikk, vokabular, pragmatikk)?
  3. Korleis og i kva grad verkar dei ulike ferdigheitene i grammatikk, vokabular og pragmatikk inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket.
  4. Kva for (potensielle) dialekttrekk kan vi spora i språkproduksjonen til innlærarane, og korleis og i kva grad er desse trekka resultat av input?

Data og metode

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgÃ¥ver, elisiteringsoppgÃ¥ver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnleg og skriftlege andresprÃ¥ksdata. Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andresprÃ¥kskorpus, Munnleg andresprÃ¥kskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Oppsummert

I ALAN-prosjektet vil ein studere tidleg andrespråkslæring blant vaksne innlærarar.

  • Prosjektet vil gi ny kunnskap om korleis ei gruppe som har vore lite studert fram til no, innlærarar utan høgare utdanning frÃ¥ heimlandet, utviklar kommunikative ferdigheiter pÃ¥ eit andresprÃ¥k i ein opplæringskontekst.
  • I prosjektet vil ein ogsÃ¥ utforska potensielle effektar av variasjon i inputt knytt til talemÃ¥lsvariasjonen som pregar det norske sprÃ¥ksamfunnet.
  • Det vil ogsÃ¥ bli utvikla eit nytt elektronisk, søkbart korpus, som vil gjera det mogleg for andre forskarar, lærarar og studentar og studere tileigning av norsk som andresprÃ¥k basert pÃ¥ data, som fram til no har vore lite granska (longitudienlle data, tidleg fase og munnlege ferdigheiter).

Personer

Prosjektleder
Prosjektleiargruppe
Ph.d.-kandidater
Referansegruppe