Om prosjektet
FormÃ¥let med prosjektet er Ã¥ undersøkje korleis arbeidsrelaterte faktorar me vert utsett for over kortare tid pÃ¥verkar lungehelsa. I prosjektet vil me følgje deltakaren gjennom ei arbeidsveke for Ã¥ undersøkje om det dei vert utsett for i pustelufta heime og pÃ¥ arbeid pÃ¥verkar lungefunksjon, symptom frÃ¥ luftvegane, og nivÃ¥ av celler og protein i blod og pusteluft som kan ha betydning for lungehelsa.Â
Prosjektet vil bidra til økt forståing av symptom og sjukdommar i luftvegane, kva dei skyldast og korleis ein kan forebyggje og lette helseplager i samband med desse. Prosjektet er ein del av ein EU-finansiert multisenterstudie som vert leia av professor Vivi Schlünssen ved Universitetet i Århus, Danmark, og kor Noreg si deltaking vert leia av lungelege og professor Cecilie Svanes.
Datainnsamlinga er avslutta. Deltakarane vart følgt over éi arbeidsveke frÃ¥ mandag morgon til og med fredag morgon. Prosjektet inkluderte bÃ¥de kliniske undersøkingar mandag og fredag, og ein sjølvadministrert del mellom dei to kliniske undersøkingane.Â
Den kliniske undersøkinga inkluderte måling av lungefunksjon og prøvetaking av blod, urin og utandingsluft. I løpet av arbeidsveka vart deltakaren bedt om å sjølv måla sin lungefunksjon, svara på eit kort spørjeskjema i ein app, og å bera tre forskjellige sensorar, som måler fysiske og kjemiske faktorar som deltakar vert utsett for, samt fysisk aktivitet og søvn (sjå bilete).
Arbeidslivseksposomet i Lungehelseundersøkelsen i Bergen er ein understudie av Lungehelseundersøkelsen i Bergen og ein del av den europeiske multisenterstudien EPHOR - Exposome project for health and occupational research. For meir informasjon om EPHOR-prosjektet, kan du lese vidare på .