ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Karakterar før 2003

I 2003 endra ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ karaktersystem. Her finn du eit oversyn over det tidlegare karaktersystemet.

Gradert talkarakterskala

Før 2003 var karaktersystemet fastsett i regelverket for kvart fakultet,. Med unnatak av dei fakulteta som er særleg nemnde under, var det denne skalaen som vart brukt.

Karakterverdiar frå 1.0 til 6.0

Den graderte talkarakterskalaen hadde karakterverdiar frÃ¥ 1.0 til 6.0 med trinn pÃ¥ 0,1. 1.0 var beste karakter og 4.0 var dÃ¥rlegaste stÃ¥karakter. 

Karaktertrinna 4.1 - 6.0 vart brukte som hjelpestorleikar i sensurarbeidet og vart normalt ikkje oppgjevne.

Den graderte talkarakterskalaen kunne bli brukt utan tilleggsnemningar og med tilleggsnemningar på latin eller engelsk.

Tilleggsnemningar på latin:

  • 1.0 - 1.5  Laudabilis prae ceteris
  • 1.6 - 2.5  Laudabilis
  • 2.6 - 3.2  Haud illaudabilis
  • 3.3 - 4.0  Non contemnendus
  • 4.1 - 6.0  Immaturus

Tilleggsnemningar på engelsk:

  • 1.0 - 1.5  Excellent
  • 1.6 - 2.5  Very Good
  • 2.6 - 3.2  Good
  • 3.3 - 4.0  Not recommendable but pass
  • 4.1 - 6.0  Fail

Gradert bokstavkarakterskala

Den graderte bokstavkarakterskalaen hadde karakterverdiar A, B, C og D for bestått og "Fail" for ikkje bestått. A var beste karakter og D var dårlegaste ståkarakter.

Ugraderte karakterskalaer

 

  • BestÃ¥tt / Ikke bestÃ¥tt
  • Pass / Fail
  • Godkjent / Ikke godkjent
  • BestÃ¥tt med laud / BestÃ¥tt / Ikke bestÃ¥tt

Graderte karakterskalaer brukt ved Det juridiske fakultet

Følgjande karakterskala nytta:

  • 2.00 - 2.15  Laudabilis
  • 2.16 - 2.35  StÃ¥r til laudabilis
  • 2.36 - 2.55  Kan fÃ¥ laudabilis
  • 2.56 - 2.75  Kan vel fÃ¥ laudabilis
  • 2.76 - 2.95  Haud illaudabilis
  • 2.96 - 3.15  StÃ¥r til haud illaudabilis

Studenter som fekk dårlegare karakter enn står til haud illaudabilis, hadde ikkje bestått. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi.

For eksamenar i profesjonsdelen vart følgjande karakterskala nytta:

  • Laudabilis - tre ulike karakterer
  • Haud illaudabilis - to ulike karakterer
  • Ikke bestÃ¥tt

Det vart ikkje gjeve hovudkarakter.

Gradert karakterskala brukt ved Det medisinske og Det odontologiske fakultet

Før hausten 2003 brukte Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen karakterskalaen 6 – 12, der 6 var den lavaste karakteren for å bestå og 12 var den høgast oppnåelege.

For kvar eksamen vart det gjeve ein karakter uttrykt i heile tal frÃ¥ 12 til 6. Studentar som fekk dÃ¥rlegare resultat enn 6, hadde ikkje bestÃ¥tt eksamen. For dei blei det ikkje sett nokon talverdi. 

Avdelings- og hovudkarakter vart oppgjevne på følgjande måte:

  • 11.00 - 12.00  Laudabilis cum litteris commendatitiis
  • 9.00 - 10.99    Laudabilis
  • 7.00 - 8.99     Haud illaudabilis
  • 6.00 - 6.99     Non contemnendus

Fakultetet sjølv gav reglar for utrekning av hovudkarakter, avdelingskarakter og karakterar i fag der karakteren var samansett. 

Sist oppdatert: 07.03.2025