ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr fleire profesjonsutdanningar og integrerte masterstudium. Eit integrert masterprogram gir direkte opptak til eit fem – eller seksÃ¥rig studium. Eksempel pÃ¥ integrerte masterprogram er programma i rettsvitskap, odontologi, farmasi, og lærarutdanninga. Eksempel pÃ¥ profesjonsstudium er medisinstudiet som fører fram til graden cand.med., psykologstudiet som fører fram til graden cand.psychol., samfunnsøkonomi og fiskehelse.
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld integrerte masterprogram og profesjonsutdanningar
- Å vedlikehalde eit studieopplegg i profesjonsstudia som er målretta og kvalifiserande for yrkesutøving og vidare studium i den aktuelle profesjonen
- Å tilby eit heilskapleg studium med fast studieplan, der heile studieløpet i hovudtrekk er ferdig planlagt frå universitetet si side
- Å tildele vitnemål, inkludert eit internasjonalt vitnemålstillegg "Diploma Supplement", når du har gjennomført og greidd krava til programmet ditt.
- Ã… leggje til rette for delstudium i utlandet som ein integrert del av graden
- Å opplyse om permisjons- og fråversordningar
Universitetet forventar at du som student
- Rettar deg etter lover og forskrifter som gjeld
- Stadfestar utdanningsplanen kvart semester og fullfører semesterregistreringa
- Søkjer om permisjon dersom du skal ha eit opphald i studiet
- Tar kontakt med studierettleiar så snart som råd dersom du må gå ifrå den oppsette framdriftsplanen