Alle studieprogram ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har eit fagleg innhald som studenten skal følgje. Nokre studieprogram legg opp til stor fagleg valfridom, medan andre har det meste som obligatoriske emne. Dette er spesifisert i studieplanane for dei enkelte programma.
Utdanningsplan
NÃ¥r du kjem til universitetet, skal du gjere ein avtale med institusjonen om ein utdanningsplan dersom du er tatt opp til eit studium med eit omfang pÃ¥ minimum 60 studiepoeng. Denne planen er todelt. Utdanningsplanen del I er felles for alle studentane ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og omtaler generelle forhold ved studiet og synleggjer rettar og plikter mellom deg som student og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Utdanningsplanen del II omtaler studieprogrammet du er tatt opp til meir i detalj og inneheld ogsÃ¥ den enkelte studenten sin studieprogresjon.
Du får opp din eigen utdanningsplan i Studentweb når du skal registrere deg som student. Du vil da bli bedt om å stadfeste den generelle planen i del I, og i del II skal du godta den føreslåtte progresjonen eller velje kva for emne du skal ta i det følgjande semesteret.
Universitetet ventar at du som student tar ansvar for eiga læring ved å
- Rette deg etter lover og forskrifter som gjeld deg som student og studieprogrammet ditt
- Oppfylle krava som gjeld framstilling til og gjennomføring av eksamen
- Følge prosedyrar for permisjon og fråvær frå studia eller eksamen
- Ta omsyn til personvern og ikkje gjer lyd- eller bildeopptak av undervisning eller vurdering
- Be om grunngjeving for eksamenskarakteren før du eventuelt klagar  
- Sette deg nøye inn i informasjonen frå universitetet om oppmelding til undervisning og eksamen
- Ha respekt for andre sin produksjon og set deg inn i korrekt kildebruk.
- Sette deg inn i studiet sitt læringsutbytte og samla undervisnings- og læringsopplegg, samt eksamens- og vurderingsformer.
- Førebu deg og delta aktivt i dei undervisnings- vurderings- og læringsopplegga som universitetet legg til rette for
- Ta ansvar for å oppfylle dei obligatoriske krava som er sett i det faget du studerer
- Halde deg orientert om stad og tid for eksamen, kva utstyr du treng og kva hjelpemiddel som er tillatne
- Møte til og gjennomføre dei eksamenane du er meldt til/eventuelt trekkje deg innan oppgitt frist
- Delta i fagmiljøa si evaluering av studiekvaliteten
- Halde deg informert om klagefrist og universitetet sine klageprosedyrar 
Universitetet tilrår at du som student
- Legg til rette for eiga læring gjennom ein samla studieinnsats normert til 40 timars arbeidsveke gjennom heile studieåret, tilsvarande 1600 timar i studieåret, for heiltidsstudentar
- Ikkje lar lønna arbeid gå ut over arbeidet med studia og den planlagde studieprogresjonen din
- Møter regelmessig og tar aktivt del i gruppe- og kollokvieundervisninga som blir tilbode 
Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld undervisning er å
- Leggje til rette for eit forskingsbasert undervisningsopplegg som bidrar til di faglege og intellektuelle utvikling
- Formulere læringsutbytte som omfattar kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skal vere oppnådd ved sluttført studium
- Leggje til rette undervisninga, så langt det lar seg gjere, slik at det er mogeleg for studenten å gjennomføre studia i samsvar med utdanningsplanen
- Leggje til rette for varierte undervisnings- og læringsopplegg med studentaktive læringsformer
- Leggje undervisninga til rette slik at studentar som ønskjer det, kan delta på arrangement på fagkritisk dag
- Leggje til rette for bruk av digitale verktøy for læring
- Gi opplysningar i ditt studium/studieplan om korleis du kan delta i emne- eller programevaluering
- Syte for at avlyst undervisning blir tatt igjen innan rimeleg tid så sant dette lèt seg gjere
- Opplyse om permisjons- og fråværsordningar
Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld vurdering er at
- Vurdering vert gjennomført i tråd med Retningslinjer for vurdering
- Det skal være ein klar samanheng mellom læringsutbytet, undervisninga og vurderingsforma i eit emne
- Vurderingsforma skal være eigna til å teste læringsutbytet i emnet og til at du får vist i kva grad du har oppnådd dette
- Vurderinga skal vere transparent, konsistent og rettferdig i høve til bidraget ditt. Vurderingskriteria skal være tilgjengelege, stabile og bygde på objektive vilkår.
- Vurderingsformene som vert nytta i løpet av ei studieprogram skal vere varierte og medverke til at du oppnår det heilskaplege læringsutbytet for programmet
- Vurderinga skal legge til rette for at du som student tar aktivt del i læringsprosessen – både i det enkelte emnet og i programmet som heilskap
- ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ skal nytte vurderingsformer som er oppdaterte i høve til forsking pÃ¥ vurderingsfeltet og nytte digitale moglegheiter som stimulerer til innovasjon i vurderingspraksisen
- Vurderinga skal fremje læring og motivasjon gjennom tilbakemelding og evaluering 
Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld eksamensgjennomføring er å
- Syte for at all relevant informasjon om eksamensmelding, eksamensgjennomføring, sensur, klagerett og klagerutinar er lett tilgjengelege, også på engelsk
- Syte for at eksamensplanane ligg føre innan dei fastsette fristane
- Gi eksamen på engelsk når emnet vert gitt på engelsk, og etter søknad til fakultetet når emnet vert gitt på norsk
- Gjennomføre eksamen og sensur på ein profesjonell og objektiv måte, innanfor gjeldande rammer og fristar
- Følge klare reglar og prosedyrar når studentar blir tatt i fusk eller andre brot på eksamensreglementet
- Ha klare og stabile reglar og prosedyrar for klagehandsaming