Øystein Varpe
Stilling
Professor
°Õ¾±±ô³óø°ù¾±²µ³ó±ð³Ù
Forskergrupper
Forskning
Eg undrar meg over livet, det levande livet. Eg undrar meg over det enorme mangfaldet av livsformer. Kvifor så mange ulike variantar? Korleis samverkar individ og artar? Korleis påverkar dei kvarandre, her og no, eller på lengre sikt gjennom evolusjonen?
Eg studerte biologi (læra om livet) og har deretter jobba med biologi og økologi. I fleire år hadde eg eit særleg auge til liv i polare strøk, blant anna virka eg lenge frå Longyearbyen og Svalbard. Eg er framleis aktiv på dei frontar, men jobbar også i andre økosystem, særleg kystøkosystem langs Norskekysten. Årstidsvariasjonar er eit sentralt tema for meg. Sesongsyklusane er markante mange stadar på kloden og miljøvariasjonar gjennom året har gitt opphav til ei mengd evolusjonære tilpassingar, så som lange vandringar og trekk (sesongmigrasjon), energilagring, rask vekst når det finst mykje mat, dvalevariantar for vinteren, osv. Vidare varierer økologiske interaksjonar og mengda av ulike artar mykje gjennom året, og fleire av prosessane bak slike mønster vert påverka av miljø- og klimaendringar. Vi prøver å forstå denne dynamikken. Eg studerer ei rekke ulike livsformer og artar, men fremst dyreplankton (særleg krepsdyr), fisk, og fugl, men av og til også planter eller andre dyr.
Nøkkelord: evolusjon og økologi, livshistorie og livssyklusar, populasjonsbiologi, fenologi, marin økologi
Du kan lese meir om forskinga mi her, då på engelsk.
Undervisning
Eg er involvert i følgjande emne ved BIO:
Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat (hovudansvar)
Utvalgte emner i fiskeri- og marinbiologi (hovudansvar)
Organismebiologi 2
BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar
Eg er ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og BIO sine koordinatorar i programmet
Gjestebidrag i emne ved andre institusjonar:
Fluxes of Nutrients, Energy and Contaminants from Sea to Land, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS)
Climate Change Biology, UNIS
Arctic Population Ecology, UNIS
Terrestrial Arctic Biology, UNIS
Publikasjoner
Via
eller via
Tre ferske artiklar:
Langbehn TJ, Aarflot JM, Freer J, Varpe Ø. 2023. Visual predation risk and spatial distributions of large Arctic copepods along gradients of sea ice and bottom depth. Limnology and Oceanography
Nowicki RC, Borgå K, Gabrielsen GW, Varpe Ø. 2023. Energy content of krill and amphipods in the Barents Sea from summer to winter: variation across species and size. Polar Biology
Varpe Ø, Gabrielsen GW. 2022. Aggregations of foraging black guillemots (Cepphus grylle) at a sea-ice edge in front of a tidewater glacier. Polar Research 41: 7141
Og nokre "klassikarar":
Varpe Ø. 2017. Life History Adaptations to Seasonality. Integrative & Comparative Biology 57: 943–960
Varpe Ø, Daase M, Kristiansen T. 2015. A fish-eye view on the new Arctic lightscape. ICES Journal of Marine Science 72: 2532-2538
Ji R, Jin M, Varpe Ø. 2013. Sea ice phenology and timing of primary production pulses in the Arctic Ocean. Global Change Biology 19: 734-741
Varpe Ø. 2012. Fitness and phenology: annual routines and zooplankton adaptations to seasonal cycles. Journal of Plankton Research 34: 267-276
Varpe Ø, Jørgensen C, Tarling GA, Fiksen Ø 2007. Early is better: seasonal egg fitness and timing of reproduction in a zooplankton life-history model. Oikos 116: 1331-1342
Varpe Ø, Tveraa T, Folstad I. 2004. State-dependent parental care in the Antarctic petrel: responses to manipulated chick age during early chick rearing. Oikos 106 (3) 479-488
Min ORCID iD: