Endre Brunstad
Stilling
Professor, Fagleg leiar av lektorsenteret ved uib
°Õ¾±±ô³óø°ù¾±²µ³ó±ð³Ù
Kort info
Forskning
Forskinga har dei siste åra vore fokusert på spørsmål knytte til vilkår for det nynorske skriftspråket, med særleg fokus på ungdom og skuleelevar. Tilnærminga er her primært sosiolingvistisk og fagdidaktisk, og med perspektiv frå språkkontaktforsking og tospråklegheitsforsking. I det arbeidet har eg kombinert ulike data (intervju, spørjegransking, statistikk, historiske kjelder).
For tida gjer eg studiar av korleis lærarutdanningar blir styrt gjennom tekstar.
Tidlegare forsking har dreidd seg særleg om språknormering og språkpolitikk, med studiar av nordisk språkpurisme og tilhøvet mellom språk og nasjon. Eg har dessutan delteke i prosjekt om språk og globalisering, med publikasjonar om språkbruk i hipphopp-miljø og om omfang av importord i nordiske aviser.
Eg har vore involvert i eit større lærebokprosjekt i norsk for vidaregåande skule, «Grip teksten», med utgivingar i 2020 (Vg1), 2021 (Vg2) og 2022 (Vg3).
Eg er medlem av og . I tillegg er eg medredaktør av skriftserien , som blir publisert på NOASP.
Undervisning
- Fagdidaktisk kurs i
- Fagdidaktiske kurs i eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (. og semester)
- Kurs i erfaringsbasert master i undervisning ( og )
Prosjekter
• Stolt av eige språk (Fjell kommune)
• Grip teksten (lærebokprosjekt for VG1, VG2 og VG3, Aschehoug)
• Vilkår for nynorsk blant ungdom (UH-nett vest)