ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Emma Jane Lord

Stilling

Ph.d.-kandidat

°Õ¾±±ô³óø°ù¾±²µ³ó±ð³Ù

Forskergrupper

Arbeid

Emma Jane Lord er doktorgradskandidat ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen, Noreg. Ho har nyleg gjennomført feltarbeid om dei samfunnsmessige konsekvensane av utsleppsreduksjon og klimakvotar relatert til skogbruk i Vest-Tanzania. For tida analyserer ho resultata sine på bakgrunn av spørsmål rundt ulike aspekt av rettferd (økonomisk distribusjon av fordelar, anerkjenning av samfunnsgrupper og prosedyrer rundt deltaking og representasjon); om og korleis ein kan utarbeide ansvarlegheitsmekanismar for internasjonal lovgjeving og politikk med tanke på utsleppsreduksjon og klimakvotar relatert til skogbruk. Denne forskinga på avskogingsprosessar og styring er tverrfagleg og relatert til konseptet miljørettferd innanfor politisk økologi.

Emma har lenge interessert seg for tropisk avskoging. Ho er også interessert i dei menneskelege aspekta tilknytt arealendringar; inkludert tvungne utkastingar innanfor den tropiske naturvernindustrien og intern fordriving i Colombia.

Kapittelet hennar blei publisert i boka av Palgrave Macmillian i 2018. Dette introduserer lesaren til uretten som oppstår grunna globale maktforskjellar i utsleppsreduksjon og klimakvoter relatert til skogbruk, noko som kjem til å bli nærmare granska i doktoravhandlinga hennar.

Formidling

Panelist i boklanseringa under , 14.08.2023

Presentasjon av ph.d.-artikkel: . Institute of Development Studies, Brighton (Zoom, opptak av presentasjonen er tilgjengeleg via lenka), 15.06.2022

Debattinnlegg: . Bistandsaktuelt, 17.03.2022

Bloggpost: på plattformen 02.03.2017